Économusée Northern Europe

Treskjerartunet vart offisielt ein del av Économusée-familien 4. juni 2012, som det femte i rekkja på Vestlandet. Det er i dag ni Économuséer i Norge.

Konseptet économusée ble etablert i 1992 i Quebec, Canada og er registrert som varemerke av International Economuseum Network Society. I dag finst det nærmare 100 economusee i Canada og Europa. Og 22 nye er under planlegging. Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune er prosjektleiar for dette arbeidet. Économusée er småskalaproduksjon av varer i eit verkstadsmiljø som fokuserer på bevaring og vidareføring av handlingsboren kunnskap og kulturhandverk. Economusee skal skape lokale arbeidsplassar, fremje kulturhandtverkarar og det immaterielle kulturminnevernet.

På Économusée skal handverkarar gje besøkande informasjon om tradisjonar, teknikkar og produksjonsprosessar og gje ei god oppleving og kunnskapsreise. I tillegg til produkt for sal skal alle Economuseé drive med formidling: ha utstilling med historiske produkt, ha døme på produkt frå dagens produksjon og ha tilgjengelig arkivmaterial og bøker om faget.

web: www.economusee.eu        facebook: Artisans at Work/ÉCONOMUSÉE

English English language
lagt til handlevogn