Treskjerartunet på Facebook

English This page in English

Treskjerartunet

ligg i Myrkdalen i Voss kommune. Det er ei familieverksemd med tradisjonar i treskjering.

Sjur Mørkve, 1917 - 2007, byrja med treskjering allereie som gut. Då han var 12 år, laga han sin fyrste geitefigur som han gav til mor si. Inspirasjonen fann han i natur og gardsliv, og i dei mange sommardagane som gjetargut i liane over heimgarden. Han lærte også mykje gjennom sine besøk på verkstaden til Styrk Hirth, ein velkjent treskjerar i bygda, både om figurskjering og ornamentskjering i den tradisjonsrike "drakestilen".

Galleri

På midten av femtitalet bygde Sjur sin eigen verkstad, og sidan då var treskjeringa yrket hans. I dag er arbeidet hans spreidd vidt og breitt, og arven hans lever vidare gjennom neste generasjon. Opp gjennom åra har verksemda gradvis vorte utvida, og i dag er det tre sjølvstendige kunstnarar i arbeid: Arne, Geir, og Bergfrid. Kvar og ein har sine eigne produkt, som omfattar treskulpturar i ulike storleikar, nøtteknekkarar, drikkekar, og grafikk.

Treskjering

I galleriet finn du både verkstad og utsal i same lokalet. Ein kan sjå dei ferdige produkta, og samtidig få anledning til å sjå korleis dei vert laga.

Ta ein kikk på websidene våre for å finna ut meir om arbeidet vårt, eller ta ein tur innom galleriet i Myrkdalen. Du er hjarteleg velkomen!

Opningstider: mandag - fredag 10.00 til 18.00
                           laurdag - søndag,  fleksibelt
Kjem du eins ærend, ring gjerne på førehand
(tlf. 99035733) for å få bekrefta at eg er på plass.

Galleri
lagt til handlevogn