Arne

Arne Mørkve (f. 1964) er Sjur sin son, og byrja med treskjering i 1989.
Han har ikkje formell utdanning innan treskjering, men har gjennom år av praktisk arbeid lært seg faget. Kunnskapen og erfaringa til dei andre på Treskjerartunet, særskilt faren Sjur, har vore avgjerande for utviklinga hans som treskjerar.

Frå byrjinga av laga han sine eigne modellar, og gjennom åra har han opparbeidd ei variert samling av figurar: ymse gardsdyr, ville dyr, fuglar, og folk. Andre produkt er drikkekar, turkoppar og nøtteknekkarar.
I tillegg lagar han også mange av dei tradisjonelle figurane frå faren Sjur sin kolleksjon, som t.d. kløvhesten.

Du kan tinga produkt frå Arne via nettbutikken.







Bergfrid

Bergfrid Mørkve (f. 1955) er Sjur si dotter. Ho gjekk på kunsthandverkskulen på Voss i to år, der ho blant anna lærte ornamentskjering. Ho byrja som treskjerar i andre halvdel av 1980-åra med å ta del i utskjering, farging og klargjering av nøtteknekkarar.
Ho har gradvis bygd opp ei rekkje eigne produkt. Bergfrid har ein kjærleik til menneskemotiv, både karikaturar av typen "bygdaoriginalar", englar, stiliserte menneskefigurar, vinkorkar med utskorne hovud, etc.
Ho har også gjort ein del restaurasjonsarbeid på eldre utskjeringar.

Eksempel på ein del av figurane hennar kan du finna her.

Geir

Geir Nymark (f. 1956) gjekk på kunsthandverkskulen på Voss i to år, og der møtte han Bergfrid. Etter fullført utdanning i 1981 byrja han med produksjon av nøtteknekkarar, med Sjur som rettleiar og læremeister.

Gjennom mange år var nøtteknekkarane hovednæring.
Han utvikla den tradisjonelle modellen, og fann sin eigen stil. Han laga også figurar av folk og dyr, og den tradisjonsrike ølkjenga i ny design.

Frå rundt 1990 vart grafikken gradvis meir sentral i Geir sin kunst, hovudsakleg i form av etsingar. I dag er han ein veletablert grafikar, med ei mengd forskjellige arbeid. Han har hatt mange utstillingar, og bileta hans er å finna i kunstgalleri rundt om i heile landet. Sidan 2003 har han drive verksemda si frå eit atelier i "Magasinet" nær Voss sentrum.

Meir info om Geir sitt arbeid finn du på websidene hans:
www.geirnymark.no, eller på Facebook: Geir Nymark Grafikk

Sjur

Sjur Mørkve (1917 - 2007) var grunnleggjaren av det som i dag er kjent som Treskjerartunet. Han starta med treskjering allereie som gutunge, og var ofte på besøk hjå naboen Styrk Hirth i verkstaden hans, ein velkjent treskjerar frå Myrkdalen. Der fekk han prøva seg med ekte treskjeringsverktøy for fyrste gong, han lærte både om dragestil, korleis laga nøtteknekkarar, og mange andre ting. Og ikkje minst vart det tent ei kreativ interesse i han som varte livet ut.
På dagtid gjette han geitene i lia, og når han hadde tid til overs, sette han seg gjerne ned for å spikka. Rundt seg hadde han levande modellar i overflod, og slik var det at han laga den fyrste trefiguren sin, ei geit, då han var 12 år gammal. Sidan skulle dette og andre gardsmotiv verta ein del av varemerket hans som treskjerar.

Frå 1953 til 1955 gjekk han på kunsthandverkskulen på Voss for å lære meir om klassisk ornamentskjering. Etter at han var ferdig der bygde han sin eigen verkstad, og frå den tida av var treskjeringa yrket hans.
I byrjinga var nøtteknekkaren hovudproduktet, men gradvis var det andre ting som vart meir etterspurde, som den tradisjonelle kløvhesten, og geitefigurar. Gjennom åra var det mange som fekk kjennskap til arbeidet hans, og på slutten av karrieren var figurane hans meir populære enn nokon gong.

Du kan finna eksempel på arbeidet hans her.

lagt til handlevogn